Hopp til innhold
  • Kategorier
  • Emneord
  • Siste
  • Populære
  • Brukere
  • Grupper
Lukk
Logo
  1. Hjem
  2. Gode eksempler på bruk
  3. Smartare bestilling av flytaxi med avgangstider frå Avinor

Smartare bestilling av flytaxi med avgangstider frå Avinor

Planlagt Festet Låst Flyttet Gode eksempler på bruk
1 Innlegg 1 Innlegg 186 Visninger
  • Eldste til nyeste
  • Nyeste til eldste
  • Flest tilrådinger
Svar
  • Svar som tråd
Logg inn for å besvare
Denne tråden har blitt slettet. Bare brukere med trådhåndterings-privilegier kan se den.
  • L Frakoblet
    L Frakoblet
    livar.bergheim
    skrev på Sist endret av livar.bergheim
    #1

    Før bestilte ein flytaxi ved å ringe og seie kva klokkeslett ein vil bli henta og køyrt til flyplassen. No loggar ein på nettløysinga, vel kva flyavgang ein reiser med, og får tildelt klokkeslett for når tid ein vert henta. Dette er løysinga hos Leikanger Taxi. Denne smartare måten å gjere det på har dei gjort ved å hente liste over flyavganger og -ankomster frå den lokale flyplassen, Sogndal Lufthamn Haukåsen, via Avinor sitt API.

    2017-10-10 Opne data - NUUG - Livar Bergheim - Difi.001.jpeg

    Slik ser det ut når ein legg inn bestilling. Ein får opp flygningar ca. 1 veke fram i tid.
    2017-10-10 Opne data - NUUG - Livar Bergheim - Difi.002.jpeg

    Kvelden før får ein SMS med kva klokkeslett ein blir henta
    b65a3e36-dff9-49c6-b241-af3687967e24-image.png

    Dette er eit godt eksempel på digital transformasjon. I staden for å berre setje straum på det gamle, for eksempel lage eit skjema på nett der ein skriv inn tidspunkt, så vel ein kva flygning det gjeld.

    Leikanger Taxi fekk løysinga på lufta i 2017. Leikanger Taxi fortel om korleis løysinga fungerer i bakkant. Kvelden før går dei over lista over bestillingar for neste dag, set inn tidspunkt for henting på kvar enkelt person og vel «Bekreft» for å sende SMS til alle reisande. På den måten slepp ein tungvindt 1-til-1-kommunikasjon.

    Ved at flytaxi har informasjon om kva avgang du reiser og kjem tilbake med, så kan dei også sjekke forsinkelsar på flygning opp mot kven som skal reise med dei.

    Om du lurer på kvifor ein tek flytaxi i Leikanger, og ikkje berre tar flybussen, så er det fordi Leikanger er litt for lite til å ha eiga bussrute med avgangar til faste tider til og frå flyplassen, slik som Sogndal har. Difor er ein stor taxi løysinga her. Det er likevel mange nok reisande til at ein har ei slik «mjølkerute» som tek med seg alle reisande i bygda i staden for at kvar reisande bestiller eigen taxi.

    PS. I skrivande stund har dei problem med nettstaden. Den fungerer men har ugyldig HTTPS-sertifikat. Dei er i ferd med å få ei ny løysing. Funksjonaliteten beskrive over blir den same.

    Eg brukte eksempelet i eit foredrag om Opne offentlege data for NUUG (Norwegian Unix Users Group) i Oslo 10.10.2017.
    Video frå foredraget er tilgjengeleg.

    1 svar Siste svar
    0
    • F fdk-community-admin festet dette emnet på
    Svar
    • Svar som tråd
    Logg inn for å besvare
    • Eldste til nyeste
    • Nyeste til eldste
    • Flest tilrådinger


    • Data.norge.no
    • Kontakt oss
    • Samtykke og brukervilkår
    • Tilgjengelighetserklæring
    • Personvernerklæring
    • Informasjonskapsler
    • github logoFølg oss på Github
    • Logg inn

    • Logg inn eller registrer deg for å søke.
    • Første innlegg
      Nyeste innlegg
    0
    • Kategorier
    • Emneord
    • Siste
    • Populære
    • Brukere
    • Grupper