Datalandsbyen oppgradert: få varsel på kategoriar, nynorsk med meir
-
Datalandsbyen køyrer på NodeBB og vi har i dag oppgradert frå versjon 3.10.3 til 4.3.0
Her er dei vesentlege forandringane:Få varsel om nye emner i ein kategori
No kan du velje å få varsel om nye emner/diskusjonstrådar i ein kategori. Til dømes om du vil få med deg nye etterspørsler, eller nye hendingar i Møter og arrangement. Då går du til kategorien du vil følgje og vel «Varsle»:

Vi har satt standard-innstillinga for alle brukarar at ein får varsel på e-post.
Du får kun varsel om nye innlegg i ein kategori du aktivt har valgt å få varsel om.Kor mange følger eit emne
No kan ein også sjå kor mange som følgjer eit emne («watching»).

Ein følgjer automatisk eit emne dersom ein har oppretta eller skrive innlegg i emnet.
Ein kan også velje å følgje eit emne for å få varsel om nye innlegg:

Datalandsbyen på nynorsk
No kan du velje å få Datalandsbyen på nynorsk. I brukarinnstillingane kan du velje nynorsk som språk:

Dette endrar språket på grensesnittet. Sjølve innhaldet — innlegga — vert ikkje endraManglar oversetting
Nokre stader vil du sjå tekst som ikkje er oversett til norsk endå. Vi skal følgje opp dette.
Gje oss gjerne innspel om du ser noko som manglar oversetting, eller forslag til betre oversetting.
Hei! Det ser ut som du er interessert i denne samtalen, men du har ingen konto ennå.
Lei av å scrolle gjennom de samme innleggene hver gang du er innom? Når du registrerer deg, kommer du alltid tilbake til akkurat der du var sist, og kan velge å bli varslet om nye svar (enten via e-post eller push-varsel). Du vil også kunne lagre bokmerker og gi innlegg en stemme opp for å vise andre medlemmer at du setter pris på dem.
Med ditt bidrag kan dette innlegget bli enda bedre 💗
Registrer Logg inn