Hopp til innhold
  • Kategorier
  • Emneord
  • Siste
  • Populære
  • Brukere
  • Grupper
Lukk
Logo

Datalandsbyen

  1. Hjem
  2. Tilbakemeldinger og nyheter
  3. Datahotellet ustabilt mars 2022

Datahotellet ustabilt mars 2022

scheduled pinned locked moved Tilbakemeldinger og nyheter
datahotellet
1 Innlegg 1 Innlegg 830 Visninger
  • oldest-to-newest
  • newest-to-oldest
  • most-votes
reply
  • reply-as-topic
guest-login-reply
deleted-message
  • L Frakoblet
    L Frakoblet
    livar.bergheim
    topic:wrote-on, /post/421, 2022-03-25T08:50:04.741Z Sist endret av livar.bergheim
    #1

    I dei siste vekene har Digdir sitt Datahotell (hotell.difi.no) vore ustabilt grunna svært høg trafikk — på det meste over 1000 forespørslar i sekundet. Dette har ført til at datahotellet blir overbelasta og må restartast.

    Kva er Datahotellet?
    Datahotellet er ei teneste frå Digdir der verksemder i offentleg sektor kan publisere datasett, og konsumentar kan hente ut data, enten ved å laste ned heile datasettet eller gjere oppslag via eit API.

    Datahotellet er over 10 år gammalt, og i dag er det i utgangspunktet ikkje ope for å legge ut nye datasett eller sleppe til nye verksemder som vil publisere data. Den tekniske løysinga er gammal, og skal ikkje vidareutviklast.

    I prosjektet Datafabrikken jobbar ein med å lage ei ny løysing som på sikt skal erstatte dagens datahotell.

    Rate limiting vert snart skrudd på
    Vi innfører rate-limit på datahotellet — ei grense på tal på forespørslar pr. sekund pr. IP-adresse.
    Dersom ein kjem over grensa, vil ein få HTTP-feilkode 429 («Too Many Requests»).

    Nøyaktig kvar grensa går vil vi prøve oss fram på. Vi begynner med ei grense på 10 forespørslar pr. sekund pr. IP-adresse.

    Vi ser på å skru på dette allereie i dag, fredag 25. mars. Det er kort varsel, men alternativet er at datahotellet vert utilgjengeleg for alle. Forrige helg gjekk datahotellet ned 7 ganger.

    Sperre IP-adresser
    Ved svært høg bruk kan vi komme til å sperre IP-adresser. Vi vil helst unngå dette, men det kan vere aktuelt for å hindre at datahotellet vert utilgjengeleg for alle.

    Korleis kan eg bidra til eit stabilt datahotell?

    Unngå for mykje trafikk på kort tid
    Begrens kor mange forespørslar du gjer samtidig, eller vent med å gjere eit nytt kall til datahotellet før du har fått tilbake svar på forrige API-kall.

    Last ned heile datasettet
    Vi ser at det er mange som lastar ned heile datasett via API-et ved å hente ut ei side om gangen. (?page=1, ?page=2 osv.)
    Ei side (page) gir 100 rader. For store datasett vert dette svært mange API-kall.

    Eksempel: For datasettet «brreg/enhetsregisteret» med over 1 million rader vert dette 10 000 API-kall.

    Du bør heller laste ned heile datasettet som CSV og konvertere til ønskt format.

    Driftsmeldingar via @datahotellet på Twitter
    Vi postar driftsmeldingar via eigen Twitter-konto.
    Vi anbefaler også å sjå på dokumentasjon på hotell.difi.no

    one-reply-to-this-post last-reply-time
    0

    Hei! Det ser ut til at du er interessert i denne tråden, men du er ikke innlogget.

    Lei av å måtte skrolle gjennom de samme innleggene hver gang du besøker siden? Når du er innlogget, kommer du alltid tilbake til nøyaktig der du var sist, og du kan velge å bli varslet om nye svar (via e-post eller push-varsel). Du kan også lagre bokmerker og gi tommel opp til innlegg for å vise andre i fellesskapet at du setter pris på bidragene deres.

    Med ditt bidrag kan denne tråden bli enda bedre 💗

    Registrer Logg inn
    reply
    • reply-as-topic
    guest-login-reply
    • oldest-to-newest
    • newest-to-oldest
    • most-votes


    • Data.norge.no
    • Kontakt oss
    • Samtykke og brukervilkår
    • Tilgjengelighetserklæring
    • Personvernerklæring
    • Informasjonskapsler
    • github logoFølg oss på Github
    • Logg inn

    • Logg inn eller registrer deg for å søke.
    • first-post
      last-post
    0
    • Kategorier
    • Emneord
    • Siste
    • Populære
    • Brukere
    • Grupper