Etterspørr data/API
-
Veit du ikkje om data du ser etter finst?
Er det data du treng som ikkje er delt endå?
Etterspørr her!Korleis etterspørr eg data/API?
Du legg inn ein etterspørsel ved å opprette eit nytt innlegg i denne kategorien i forumet.I denne kategorien kan du etterspørre datasett og API-er. Du kan også etterspørre utviding på eksisterande datasett og API. For eksempel å gjere meir data tilgjengeleg, endringar i API og liknande.
Om du ønskjer å begjære innsyn i data, må du ta kontakt direkte med den ansvarlege verksemda. Du er naturlegvis velkomen til å poste om det her i tillegg

Kva skjer med min etterspørsel?
Etter at innlegget er kome inn, vil vi i Digitaliseringsdirektoratet ta kontakt med våre kontakter og be dei svare. For eksempel: dersom nokon spørr om kjøretøyopplysninger, kontakter vi Statens vegvesen, dersom nokon spørr om kartdata, kontakter vi Kartverket osv. Erfaringane er at verksemdene i offentleg sektor svarer både raskt og positivt!Sjå kva andre har etterspurt
Sjå andre innlegg i Etterspørr-kategorien.
Finn du ein etterspørsel du synest er interessant eller vil følge?
Logg på Datalandsbyen og gje ei stemme til innlegget eller marker at du vil ha varsel. Dersom det kjem nye innlegg i ein diskusjonstråd du markerer at du vil ha varsel på, får du varsel på e-post.Tips til å skrive innlegg
-
Sjekk om datasettet finst frå før
Ta ein kjapt søk på data.norge.no, eventuelt også geonorge.no om det gjeld geodata. -
Skriv kven som har data du etterspør
Enten du veit kven som har data du er ute etter, eller har ein anelse, ta det gjerne med.
Dersom du ikkje veit kvar dataene er, skriv gjerne det. -
Utdjup om data
Kva data er du ute etter? Kva informasjonselement er det i datasettet? Kva format ønskjer du data på? Treng du nedlasting av komplett datasett, eller oppslag via API? Kva API-funksjonalitet ønskjer du? -
Beskriv bruksområde og verdi
Kva vil du bruke data til? Kva er verdien? Ta gjerne med andre mogelege bruksområde for dataene. -
Ta med relevante lenker
Dersom innlegget angår eksisterande datasett/API, legg ved lenke til oppføringa på data.norge.no.
-
Hei! Det ser ut som du er interessert i denne samtalen, men du har ingen konto ennå.
Lei av å scrolle gjennom de samme innleggene hver gang du er innom? Når du registrerer deg, kommer du alltid tilbake til akkurat der du var sist, og kan velge å bli varslet om nye svar (enten via e-post eller push-varsel). Du vil også kunne lagre bokmerker og gi innlegg en stemme opp for å vise andre medlemmer at du setter pris på dem.
Med ditt bidrag kan dette innlegget bli enda bedre 💗
Registrer Logg inn