Hopp til innhold
  • Kategorier
  • Emneord
  • Siste
  • Populære
  • Brukere
  • Grupper
Lukk
Logo
K

kodeverkstad

@kodeverkstad
Om
Innlegg
1
Emner
1
Delinger
0
Grupper
0
Følgere
0
Følger
0

Innlegg

Siste Best Kontroversiell

  • Ledige stillinger i Sogn.no
    K kodeverkstad

    På Sogn.no kan ein sjå ledige stillingar i området. Stillingsutlysingane hentar vi hos NAV/Arbeidsplassen.no.

    Greenshot 2021-11-19 11.17.42.png

    Sogn.no er nettopp lansert i ny utgåve. Den gamle nettstaden hadde "besøk Sogn" som bodskap med informasjon om reisemål og liknande, mens den nye nettstaden oppmodar besøkande om å bu og jobbe i Sogn. I den anledning treng ein oversikt over ledige stillingar.

    Framsida - siste ledige stillinger
    Eit stykke nede på framsida ser ein dei to nyaste ledige stillingane:
    Greenshot 2021-11-19 11.18.20.png

    Alle ledige stillinger i Sogn
    Vidare kan ein navigere til å sjå alle ledige stillingar Sogn, og vidare filtrere på kommune og yrke:
    Greenshot 2021-11-19 11.19.15.png

    Når ein trykker på ei av stillingane, så får ein sjå heile stillinga i arbeidsplassen.no eller anna nettstad.

    Greenshot 2021-11-19 13.34.16.png

    Datakjelder
    Data hentar vi frå NAV sitt API frå arbeidsplassen.no. Der er det til ei kvar tid rundt 30 000 ledige stillingar.

    Kvifor hente frå NAV/arbeidsplassen.no?
    Kva med stillingar på Finn.no, Jobbnorge.no osv.? Det fine med NAV sin database er at dei automatisk får inn alle stillingar publisert andre stader som Finn.no og andre portalar. I tillegg hentar NAV automatisk inn ledige stillingar frå diverse nettsider (kommuner sine eigne nettsider, bransje-nettstader og liknande).

    Grunnlaget er at alle som har ledige stillingar er pliktige å gje beskjed til NAV i følgje arbeidsmarkedslova. Det verkar som at mange arbeidsgjevarar ikkje er klar over dette. I praksis er det ein del ledige stillingar som blir kunngjort, men ikkje fanga opp i NAV sin database. Til dømes at den berre vert kunngjort på verksemda si nettside. Her er det ikkje snakk om tilsettingar som blir gjort utan at stillinga er utlyst, som er ei anna sak.

    NAV sin database blir aldri heilt komplett, men det er den mest komplette databasen i Norge så vidt vi veit.

    Verdien
    For Sogn.no, får ein vist fram nesten alle utlyste ledige stillingar, og det heile oppdaterast automatisk.

    For NAV sin del tenker vi at dei får synleggjort ledige stillingar fleire stader, som støttar opp under deira mål om "fleire i arbeid" og "ein velfungerande arbeidsmarknad".

    Teknisk
    Vi har laga eit program som hentar data frå NAV og gjer dei tilgjengeleg via eit API som vert nytta av nettsida på Sogn.no. Arbeid med nettsida og frontend er det Gasta som har stått for.

    Kvifor ikkje berre koble NAV og Sogn.no direkte saman? Det er eit par grunnar til det:

    • Filtrering. Vi skal hente ut ledige stillingar i ei handfull kommunar (sjå skjermbilde over). For å få dette til så hentar vi alle ledige stillingar hos NAV og filtrerer ut dei relevante stillingane. Vi tar med alle stillingsutlysingar som er oppgjevne med arbeidsstad i ein av kommunane. Ei stillingsutlysing kan ha fleire mogelege arbeidsstader oppgjevne.
    • Dataminimering. Vi treng ikkje å vise alle element på Sogn.no, så vi tar kun med dei som trengs og droppar andre felt som full stillingstekst, kontaktinfo m.m.
    • Datatransformasjon. Vi må kna litt på datasetta for å vise dei på ein god måte. Til dømes normalisere søknadsfrist til samme dato-format.
    Gode eksempler på bruk
  • Logg inn

  • Logg inn eller registrer deg for å søke.
  • Første innlegg
    Nyeste innlegg
0
  • Kategorier
  • Emneord
  • Siste
  • Populære
  • Brukere
  • Grupper