Hopp til innhold
  • Kategorier
  • Emneord
  • Siste
  • Populære
  • Brukere
  • Grupper
Lukk
Logo
L

livar.bergheim

@livar.bergheim
Om
Innlegg
41
Emner
23
Delinger
0
Grupper
1
Følgere
0
Følger
0

Innlegg

Siste Best Kontroversiell

  • Politistasjoner
    L livar.bergheim

    Datajegeren fekk henvending der ein ønskjer oversikt over politistasjoner inkludert posisjon, til bruk i utredningsarbeid.

    Kva data finst?
    Politiet har i skrivande stund ikkje sjølve publisert eit slikt datasett.
    Geonorge har gjort tilgjengeleg politisoner og -distrikter (sjå data.norge.no eller geonorge.no), men dette er ikkje dei enkelte politistasjonane.
    ba670b28-15eb-4e8c-abf6-b11c39544e0a-image.png

    Datakjelder: Enhetsregisteret og politiet.no
    I Enhetsregisteret finn ein enheter og underenheter for offentleg sektor.
    Det ser ut til at politistasjoner og lensmannskontor er pent hierarkisk registrert der:

    • Justisdepartementet
      • Politi- og lensmannsetaten (915429785) – ORGL (organisasjonsledd)
      • ...
        • Trøndelag politidistrikt (983998631) — ORGL
        • ...
          • Steinkjer politistasjon (874753262) — BEDR (underenhet)

    Ein mogeleg måte å hente ut alle relevante enheter er å ta heile enhetsregister-datasettet, filtrere på næringskode 84.240 «Politi- og påtalemyndighet» og deretter på organisasjonsform-kode BEDR for å få dei enkelte geografiske lokasjonane (politistasjoner).
    Merk at det er i datasettet underenheter ein finn organisasjoner av typen BEDR.
    I enhetsregisteret er det Beliggenhetsadresse som gir gateadressa. For å få kartkoordinatar kan ein slå opp i Kartverket sitt API.

    Vi har ikkje undersøkt om denne oppskrifta gir korrekt resultat — for eksempel at det er oppdatert og komplett.
    Før vi kom så langt i saka, løyste innmeldar dette ved å hente oversikt over politistasjonar frå politiet sine nettsider. Innmeldar nemde at datakvaliteten der var varierande, mellom anna med feil i postnummer.

    Håpar dette er til nytte for andre!
    Oppslag i Enhetsregisteret kan i mange tilfeller vere vegen å i andre tilfeller der ein treng å få oversikt over kvar offentleg sektor har kontor.

    Etterspør datasett og API-er
  • Logg inn

  • Logg inn eller registrer deg for å søke.
  • Første innlegg
    Nyeste innlegg
0
  • Kategorier
  • Emneord
  • Siste
  • Populære
  • Brukere
  • Grupper